Skathellekasting

Reglar

Alt du treng å vite for å kaste skathelle.

Bana

25 meter lang med eit mål i kvar ende.

Laga

To lag med tre kastarar på kvart lag. Laga kastar annankvar — fyrst ein frå det eine laget, så ein frå det andre.

Poeng

  • Steinar blir brukte som mål. Det målet som blir treft fyrst i eit sett, gjev 3 poeng
  • Det andre målet gjev 2 poeng. Dette gjeld heile settet
  • Treff ingen, får den steinen som ligg nærast målet 1 poeng
  • Ein må ha nøyaktig 5 poeng for å vinne eit sett
  • Kastar ein over 5, byrjar laget nedanfrå att: har laget 4 poeng og ein kastar 2, blir det ståande på 1 poeng

Reglar dokumenterte av Olav Grov i Jostedal skule- og bygdeavis, 2022.

Sett

Første lag til 5 sett vinn kampen.

Skathella

Flat naturstein. Det er lov å banke til steinen for betre fasong og grep.


Skathelleuttrykk

Skathellekasting har sitt eige språk. Her er nokre av uttrykka som blir brukte på bana.

Tremålet og tomålet

Tremålet er det målet som blir treft først i eit sett — det gjev 3 poeng. Tomålet er det andre målet, og gjev 2 poeng.

Slå seg oppatte

Om ein kastar slår seg over 5 poeng — til dømes til 6 — går laget ned att til 1 poeng. Men slår ein annan på laget i same kasterunde, kan dei "slå deg oppatte": laget blir sett tilbake til poengsummen dei hadde før overslaget, i staden for å bli ståande på 1.

Rotakast

Eit dårleg kast. Ein seier at nokon "kastar rote".

Bask

Å vinne tre sett. Av og til kan det vere fem sett i ein bask om kastarane er samde om det.

Hive seg i saman

Når ein ikkje har faste lag, kastar dei seks som skal vere med eitt kast kvar. Nr. 1, 3 og 5 blir lag, mot nr. 2, 4 og 6.

Slå tå hånd

Å treffe målet direkte frå handa — hella rører ikkje bakken før ho treff målet.

Målredde

Når eit lag har 4 poeng og helst ikkje vil treffe målet for å ikkje slå seg over. Laget er «målredde» — sjølv om dei gjerne vil vinne enkeltpoenget.

Å stå over kastet sitt. Om eit lag til dømes har 4 poeng og førstemann kastar ein god enkel, kan lagkameratane «gå» for å unngå å slå seg over.

Kjeringakastet

Det fyrste kastet i eit sett.


Om reglar, premiar og jenter

Ein artikkel frå rundt 1980 gjev eit unikt innblikk i korleis reglane og kulturen rundt skathellekasting var den gongen.

Artikkelen "Skathellekasting — om reglar, premiar og jenter" skildrar korleis sporten vart spelt før dagens faste bane og standardiserte reglar kom på plass. Ei god skathelle skulle vere rund og flat, og skrå slik at ein fekk ein skarp egg. Det var vanleg å lage eit lite hakk i hella for peikefingeren, slik at den fekk rotasjon i lufta under kastet.

Det fanst ikkje noko fast bane — ein kasta "overalt, på vegen, på grasmark eller i ein åker", og brukte steinar som mål der terrenget passa. Premiane var enkle den gongen: kokt egg, kaffi, mjølk eller sjokolade. I dag har premiane endra seg med tida — no er det vanlegare med t-skjorter, twistsjokolade eller ein kopp med Jostedalen-motiv. Tre mann på kvart lag, og same poengsystem som i dag.

Artikkelen oppmodar òg jentene i Jostedalen til å "stille sterkare opp" i konkurransane — eit tidsbilde frå ei tid då skathellekasting i hovudsak var dominert av karane.

Sjå det i rørsle

Instruksjonsvideoar kjem.