Personvernerklæring
Behandlingsansvarleg
Skathelle.no blir driven av Brage Norberg og Lars Andreas. Har du spørsmål om personvern, kan du kontakte Brage på norbergwebdesign@gmail.com.
Kva vi samlar inn
Nettsida har ikkje kontaktskjema og samlar ikkje inn personopplysningar frå deg. Tek du kontakt på e-post, brukar vi opplysningane berre til å svare deg.
Besøksstatistikk
Vi brukar Vercel Analytics for å sjå anonym besøksstatistikk. Tenesta brukar ikkje informasjonskapslar og lagrar ikkje IP-adresser, og du kan ikkje identifiserast.
Innhald frå Google og YouTube
Kartet på framsida kjem frå Google Maps og blir berre lasta når du sjølv trykkjer «Vis kart». Videoar på historie-sida kjem frå YouTube i personvernmodus (youtube-nocookie), som ikkje set informasjonskapslar før du startar avspeling. Google og YouTube er sjølve ansvarlege for det som skjer når innhaldet deira blir lasta. Sjå Google si personvernerklæring.
Informasjonskapslar
Sjølve nettsida set ingen informasjonskapslar. Først når du trykkjer for å laste kartet eller startar ein video, kan Google setje kapslar.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i, retting og sletting av opplysningar vi måtte ha om deg. Ta kontakt på norbergwebdesign@gmail.com. Meiner du at vi behandlar personopplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Sist oppdatert: 4. oktober 2026