Ein gamal norsk tradisjon som lever vidare i Jostedalen. Truleg den rimelegaste sporten i Noreg.
Skathellekasting er ein av dei eldste steinkastesportane i Noreg, og i dag er det berre i Jostedalen tradisjonen lever vidare. Denne nettsida er laga for å dokumentere sporten og halde historia levande for dei som kjem etter.
Sjå historia og kjelder →Brage Norberg og Lars Andreas Myklebust Neset laga denne nettsida etter at Magne Hesjevoll introduserte oss for skathellekasting i Jostedalen. Det tok ikkje lang tid før me skjønte at dette var noko spesielt — og at for få visste om det.
Sidan Brage lagar nettsider for bedrifter i Sogn til dagleg, visste me korleis me skulle gå fram.
Me stiller med lag i meisterskapet ved Dølaheimen, og me håpar fleire gjer det same. Skathellekasting passar for alle — uansett alder og bakgrunn. Det einaste du treng er ein god stein og lyst til å prøve.
Skathellemeisterskapet 2027 — ca. 17. juli, Dølaheimen, Jostedalen
Skathellekasting hadde si stordomstid på 1930- og 40-talet. Sporten vart spelt fleire stader i landet, men overlevde berre i Jostedalen. Ein veit ikkje nøyaktig kor gamal sporten er.
Det årlege meisterskapet vert halde ved Dølaheimen i samband med den tradisjonelle marknaden i Jostedalen. Mylse og skathellekasting har lenge vore den tradisjonelle grunnmuren i marknaden. Før i tida var det fleire damer som var med på skathellekasting, medan det no er karane som er mest aktive.
Stordomstida
Skathellekasting vart spelt fleire stader i landet på 1930- og 40-talet. Sporten hadde si glanstid i desse tiåra.
Eldste kjende kjelde
Skathellekasting er dokumentert i Jostedalen frå 1950-talet. Eldre kjelder kan finnast — historielaget arbeider med å kartleggje dette.
Berre i Jostedalen
Sporten lever vidare i Jostedalen åleine. Kvart år i juli held Skathellemeisterskapet stand ved Dølaheimen.
To lag, ei bane, og ein stein som skal nærast målet. Reglane er enkle — men det er ikkje lett å vinne.
Les alle reglane →Anne Berit Faaberg — teke frå eit gammalt barneblad
Ei skathelle skal vere rund og flat. For å få riktig fasong er det vanleg å spikke steinen slik ein ønskjer.
Dei beste skathellene finn ein i elveleiet i Jostedalen — flate, runde steinar forma av isbre og elv over tusenvis av år.
Les meir om skathella →Skathellemeisterskapet vert halde kvart år i juli ved Dølaheimen i Jostedalen, i samband med den tradisjonelle marknaden.
3–4 lag møtest til utslagsturnering, avhengig av kor mange som melder seg på. Til finalen stiller det eigen kommentator.
Sjå meisterskapet →Meisterskapet vert halde ved Dølaheimen ungdomshus, Krekane 79 i Jostedalen.
Me har samla eit arkiv over avisartiklar og dokumentasjon om skathellekasting i Jostedalen — frå 1957 til i dag. Er du interessert i historia bak sporten, finn du alt her.
Sjå arkivet →